
Til mine bilinteresserte brødre: Dette er bilen vi har blitt kjørt rundt.
- Lunsj…
- Grisehuset til venstre, kjøkkenet til høgre.
- Mopeden til familien Minh.
- Til mine bilinteresserte brødre: Dette er bilen vi har blitt kjørt rundt.
Ja, du las riktig: Bio-gass. Gass frå biologisk materiale. I dag har vi vore på besøk hos familien Minh, som har fått hjelp til å installere eit biogassanlegg.
Det fungerer slik: Bæsj (ja, lat oss kalle ein spade for ein spade, og ikkje for bommelom) frå grisane og menneske går i ein tank som er gravd ned under bakken. Der vert det danna metangass, som er under trykk. Denne gassen går i ein slange inn i huset, til kokeapparat på kjøkkenet og til lys (gasslamper). I tillegg vert det danna kompost nederst i tanken, som dei også gjer seg nytte av.

Grisehuset til venstre, kjøkkenet til høgre.
Fordelar:
- MYKJE reinare rundt huset.
- MYKJE meir hygienisk.
- Dei får ein energikilde som er fornybar. Bæsj blir det jo ikkje tomt for på ei stund…
- Gass til kokeapparat. Dei slipp å hente og bære ca. 3900 kg ved pr år, som dei før måtte, til matlaging.
- Gass til lampe, som gjer at dei kan få meir lys etter at det blir mørkt ca. kl 18.30-19.00. Då kan borna gjere lekser, kunnskap er nøkkelen til vegen ut av fattigdom.
- Kompost til det dei dyrker attom huset.
Ulemper: Can’t think of any.
Arkivert i: Uncategorized | 2 Kommentarer »



















