Dag 2 – Besøk på flomprosjektet.

Først: Dag 1 fekk ingen eigen post, då var eg for trøtt etter 10, 5 timar på flyet pluss tidsforskjell.

I dag, måndag, har vi vore på besøk hjå familien Dung. Mor og  far med fem born i alderen 2 – 15 år. Dei bur i eit enkelt lite hus som dei har fått hjelp av Kirkens Nødhjelp til å bygge, etter at flaumen tok huset deira 1 2007. No har dei skikkeleg fundament på huset, så det er ikkkje så sårbart for flaum. Likevel, utruleg enkelt. Vanskeleg å forestille seg å bu slik. Det er ikkje fælt, berre… smått og trangt. Dei lever av å lage murstein til husbygging. I tillegg driv kona, Lee, ein bitteliten kiosk/butikk ut mot vegen, som er ein smal, smal grusveg rett jutafor veggen. I tillegg har dei fire grisar. Vi skal tilbake dit i morgon formiddag, før vi skal ha fri på ettermiddagen.

Andre ting frå dag 2:

  • Kaostrafikk! Berre KAOStrafikk! Moped er tingen her.
  • Varmt og fuktig (framleis).
  • God mat. Men den eine kyllingretten vi åt til lunsj på ein landsens kafe (el. lign.) i dag låg det kyllingføtter i…
  • …og nuddelsuppa vi fekk til slutt var kokt på ”everything inside the chicken”" (men smakte betre enn det høyrest ut).
  • Antibac, antibac og atter antibac.
  • Magen er framleis i orden (bank i bordet).
  • Bjørn Olav har bestilt seg silkedress. I morgon skal eg bestille kashmirdress. Skreddersydd. Til ca 80-90 dollar.
  • Bjørn på vietnamesisk er “gao”. I alle fall sa tolken det.

See you soon, kalkun!

Dyretransport.

Dyretransport.

Ett Svar

  1. Stas med oppdatering for oss som er her hjemme, altså! Og det høres jo flott ut – kashmirdress! Gleder meg til å se! :) Gøy med bilde – mopedskillsene der er jo bare ekstraordinære :) Kos dere videre!

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.